Daa var siste kveld i Byron Bay snart over, og me er klare for eit par dagar i Surfers Paradise - litt lengre nord. Bussen gaar 13.00 i morgon. Kort busstur denne gongen.
I dag har heile gjengen (minus Claire) vore paa Julian Rocks og dykka. TM er ferdig med open water-lisensen, og har feira med strawberry thickshake. Hadde med kamera paa siste dykket, og bilete kjem her etter kvart. BO, Erling, Chris og Catrine hadde booka tur med dykkefirmaet som Paul (nederlendar som me bur paa rom med) jobbar for, men han blei diverre ikkje med paa baaten, daa den var fullbooka.
Solveig, Solveig, Line, Katrine og Madelene kom forresten til Byron i gaar, og bur paa eit av naboromma vaare paa Aquarius. Blei ein aldri saa liten tur paa Cheeky Monkey paa heile gjengen i gaar. Iallfall nesten heile gjengen... lang koe gjorde at enkelte prioriterte kebab framfor dansing... At det gaar an!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar