
Planen vaar var opprinneleg aa feire Erling paa full moon party i Phuket i Thailand, men som alle nok har faat med seg, har det jo blitt paa oss i staden.

Men barsk sogning lot seg ikkje knekke, og etter rafting var det meir eller mindre direkte avgarde paa ATV-cruising i jungelen! Fantastisk kult, og ein aldri saa lite absurd aa rase rundt paa smale, bratte grusvegar med faa andre "trafikantar" enn ein del fullvaksne elefantar!! Susa rundt saapass lenge at det faktisk var litt godt aa parkere og ta ein dusj daa me var ferdige. Og dusj trengtest, for aa seie det slik. Elefantbaesjbasert jorme luktar ikkje spesielt godt... :-P
Eit par store Bintang i bilen tilbake til Seminiak, og saa bar det rett paa spa og ein times full kroppsmasasje. Fantastisk godt etter ATV-herjing!

Ein runde paa byn blei det og naturlegvis, noko som resulterte i noko seinare frukost i dag enn i gaar ;-) Ser forresten ut som om me faar overskya ver + regn dei siste to dagane paa Bali, saa godt me har masse DVDar paa rommet, samt ein del juleshopping igjen aa gjere.
Sondag kveld er det avreise nord og vest, og etter mellomlanding i Kuala Lumpur, Malaysia, landar me i London tiiiidleg maandag morgon. Christer fer saa direkte til Bergen, medan Erling og TM som nemnt tek nokre dagar paa sovesofaen til Dag der.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar