
Bali er ei morosam og rar oy... ikkje heilt slik TM og Christer hadde trudd, og ikkje heilt slik Erling hugsa. Alt saman baade paa godt og vondt.
Trafikk

Spanande, litt skummelt og veldig interessant for sindige nordbuarar...!
Strand:
Strendene her nede er diverre ikkje like fine som bileta seier. Mykje boss og daud fisk langs vasskanten trekkjer ned. Men det er utruleg varmt i vatnet! Sjeldan ein ikkje kvier seg det aller minste for aa kaste seg uti, der ein ligg nygrilla paa strandstolen. Vanlegvis fine bolger her og, saa gode mogelegheiter for surfing. Pluss ogsaa for billeg leige av strandstolar (gjerne med parasoll), veldig hyggjelege strandstolutleigarar, og sist men ikkje minst: Pluss for havbrisen. For viss de framleis er i tvil... det er varmt paa Bali.
Pitching:
Er det ein ting Balinesarane kan, saa er det aa pitche, eller innleie, sal. Taxisjaaforar er kanskje dei aller vaerste i saa mate, og om ein gaar fraa hotellet til kolonialen 120m lenger nede i gata, ar ein faatt tilbod om minst 10 taxiar, og prisen (utan at ein har gitt nokon for for respons) har gjerne falle fraa 200 000 rupiah (120 kr) til 20 000 rupiah (12 kr) for ein tur til Kuta sentrum.
Og saa har me seljarane paa stranda. Med mindre dei har iskald drikke eller iskrem, blir det lite handel paa oss, men likevel prover minst 2-3 seljarar i minuttet aa innleie ein eller annan slags handel. Mykje relgiose figurar, solbriller og klokker av den veldig ekte sorten, masasje, manikyr og pedikyr, sarongar, handdukar og mykje, mykje meir... Litt fascinerande i starten, litt mindre greitt etter kvart. Ein kan alltids seie nei, og dei respekterer faktisk det, men litt verre naar ein ligg og soev under parasollen, og ei gamal dame staar og ropar deg i oyra: "Wanna massage, wanna massage?"
Men som sagt, iskrem maa dei gjerne kome med! Diverre gaar det to dusin juggelseljarar paa ein iskrem-mann.
Laushundar:

Hundane er nok paa stranda av same grunn som oss, dei vil kjoele seg i havbrisen og i vatnet. Dei hoppar og herjar rundt, men er heldigvis ikkje agressive... mogeleg dei blir ekstra slove i varmen. Bortsett fraa faren for lus, er dei altsaa ikkje saa veldig sjenerande.
Generell standard:
Den generelle standarden her... vel, det gaar nesten ikkje an aa snakke om generell standard. Mykje er veldig bra. Hotellet vaart, saa og seie alle restaurantar og veldig mange (kles-)butikkar, har veldig hog standard. Posh look fraa gata, og like bra etter at ein har gaatt inn dorene til aircondition-kjoelte lokale. Paa den andre sida, er vel kanskje gatene, og spesielt fortaua omtrent ulandsstandard paa. Fortaua bestaar av opne grofter som det er lagt betongelement paa 100x50 cm over. Dette kunne fungert OK det, hadde det ikkje vore for at innimellom manglar det eit og anna betongelement... Spanande i nattemorket! I tillegg har ein storre parti utan element/fortau i det heile, men med 10-12 arbeidarar pr 50 meter som jobbar i 10% av spaniatempo... kan jo skjonne det litt med temperaturen her, men arbeidsmetodane er vel heller ikkje dei mest effektive. Kvar arbeidar har ei stor botte som han blandar sement i sjolv (for hand!) og stoyper kantsteinar... Her har dei tydelegvis ikkje skjont at slikt gaar an aa prefabrikere...
Bilar:

Insekt:
Hadde trudd at ein saa tropisk plass ville vere skikkeleg plaga med mygg og andre insekt, saerskilt om kvelden. Men den gong ei. Har ikkje sett noko slikt enno, og det kan godt halde seg slik... me onskjer oss verken malaria eller dengu-feber til jul...
Humoer og folkeskikk:
Til sist maa me nemne korleis folk er her nede. Alle er nemleg utruleg hyggjelege paa Bali. Trass i noko paagaande salspitching, er den jamne balinesar langt over middels hyggjeleg. Alle smiler, aller er hjelpsame og ingen blir antydning til sure om dei skulle faa avslag. Folka er rett nok bitte smaa, men dei er storsinna (ahh, for eit ordspel... ;-) ) og faar oss til aa foele oss veldig godt til rette her!
Oppsummert er altsaa Bali ikkje heilt slik me hadde sett foere oss, saerleg ikkje slik TM og Christer hadde sett foere seg. Men me likar oss svaert godt, og er paa ingen maate lei oss for at me maatte booke om fraa Thailand til Bali :)
Og i morgon skal me altsaa paa oytur!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar