torsdag 27. november 2008

Austraaaaalia [Whitsunday]


Etter to dagar paa "safari" paa Fraser Island, var det rett paa nattbuss til Airlie Beach. Tidenes suraste bussjafor, heldt paa aa kaste ut ei tysk jente fordi ho sov paa tvers bakerst, og paa sporsmaal om naar me ville kome fram (me var 1 1/2 time forseinka fraa Hervey Bay), var svaret at: "Maybe... if I don't have to answer stupid questions like theese!"
Men me kom fram, gjekk rett paa breefing for seglbaatturen, og klokka 3pm la me fraa kai med den 82' store Spank Me [sjaa bilete]. Den 19 aar gamle regattabaaten var nok litt meir slitt enn bileta og brosjyrane viste, men ein fantastisk tur var det likevel. Vind var diverre ei mangelvare, saa heilt regatta blei det ikkje, men me fekk baade segla, solt oss og dykka paa Great Barrier Reef!! Onsdag var me i land paa ein av dei flottaste strendene me nokon gong har sett. Whitehaven beach! Heldigvis var ikkje stingerane (farlege brennmaneter) komne for sommaren enno, saa me kunne bade utan stinger-drakt. Var der ein del timar og plaska mellom Stingrays, foer retur til skuta.
Diverre blei Catrine og Claire daarlege paa baaten. Matforgifting, feber og generelt ikkje heilt kjekt aa vere paa ein gyngande baat langt til havs... Formen var litt betre i dag (torsdag), saa me faar haape at det verste er over no!
Me blir i Airlie Beach paa Koala hostel, til i morgon, fredag. Daa er det fly til Brisbane.

Ingen kommentarer: