
Etter aa ha vore utanfor sivilisasjonen (Fraser Island og seglbaatturen) i omtrent ei veke, gjekk det relativt fort opp for oss i gaar at neste reisemaal har blitt baade mindre attraktivt og vesentleg mindre tilgjengeleg.
Flyplassane i Bangkok er som kjent stengde, og det er uvisst kva som skjer i dagane som kjem. Me skal eigentleg fly fraa Brisbane til Bangkok tysdag 2. desember, men no veit me ikkje heilt. Kilroy har ikkje noko fornuftig aa fortelje oss. China Airlines som me skal flyge med, har ikkje noko fornuftig aa fortelje oss. Og sidan me har papirbillettar, er ombooking 17 gonger saa vanskeleg... Utanriksdepartementet har ikkje noko fornuftig aa fortelje oss, anna enn generelle forsiktigheitsraad. Den norske ambasaden i Bangkok har ikkje noko fornuftig aa fortelje oss, anna enn generelle forsiktigheitsraar, og hjelp til dei normenn som er stuck i Thailand.
Bjorn Ove som skal meir eller mindre direkte heim no i byrjinga av desember, vurderer alternative reiseruter. Resten, som jo hadde tenkt aa tilbringe ein del tid i Thailand, maa avvente og sjaa kva som skjer i helga...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar