søndag 30. november 2008

Framleis i Austraaaaalia [ Thailand heng i ein meget tynn traad... ]

Sondag bragte ikkje noko haap om opning av flyplassane i Bangkok. Derimot kan m.a. Aftenposten skrive at "46 [personer] skadet i granatangrep i Bangkok " http://www.aftenposten.no/nyheter/uriks/article2797277.ece

Det er ganske imponerande at det norske utanriksdepartementet enno ikkje har fraaraadd normenn aa reise til Thailand! Lurer litt paa kva dei held paa med der inne paa Victoria Terasse(!), men det ser ikkje ut til at tryggleiken til nordmenn i utlandet blir hogt prioritert (men det har me jo sett dome paa foer og...).

Kilroy Travels har fram til no heller ikkje vore til mykje hjelp. Det einaste me har faatt beskjed om er aa vente og sjaa, og kontakte dei maandag, norsk tid. Det vil seie maandag kveld for oss, under eit dogn foer planlagt avreise. Me har undersokt alternative destinasjonar i Asia, men dei fleste vil kome til aa bli vesentleg dyrare enn det me har no.

Det mest aktuelle slik det ser ut no er aa bli noko lengre i Australia (me er no i Brisbane, og det kan vere aktuelt aa ta ein del dagar i Byron Bay, t.d.), saa fly til New Zealand, vere der nokre veker, og returnere til Noreg paa planlagd dato. Skal oppdatere bloggen i morgon kveld naar me veit meir.

Men Bjorn Ove som skulle meir eller mindre direkte heim no, har faatt booka om billetten sin, og flyg via Hongkong og Helsinki seint i kveld. Landar paa Gardermoen i firetida maandag, norsk tid. Catrine har valt aa avkorte turen, og bli med BO paa same fly heim til Gamlelandet. Claire flyg til Sydney tysdag, saa the fab five / the sensational six blir snart til the tremendous three! Og saa vil tida vise kvar desember maanad blir tilbragt ;)

Ingen kommentarer: