tirsdag 2. desember 2008

Austraaaaalia [ men Bali onsdag 3. desember ]

Etter mykje om og men, ville Kilroy Travels i gaar framleis gjerne sende oss til ustabile Thailand. Billettane vaare var ombooka til ein ny flyplass (utan at me fekk vite noko om det). Men sidan det var ganske uaktuelt for oss aa reise inn til eit land der det er stor fare for kraftge opptoyar og muligens borgarkrig, valde me aa avbestille flybillettane vaare for resten av reisa. Kilroy kunne ikkje booke oss om, og forlanga til og med 750 kroner i avbestillingsgebyr. Utruleg frekt, naar me snakkar om ei avbestilling paa grunn av fare for store konfliktar.


Vel, vel... billettane er som sagt avbestilt, og me har handla vaar siste tur gjennom Kilroy!!


Det som faktisk er bra her, er at me faar ein OK desember likevel. I morgon, onsdag 3. des, flyg me til Bali! :-D Blir der til 15. des, foer retur til Europa. Erling og TM blir eit par dagar i London og besoker Sogndalskolonien der, medan Christer stikk ganske direkte til Bergen.



I gaar var forresten siste kveld med Claire i truppen. Ho er paa veg til Sydney no. Haapar alt ordnar seg med jobb og leilegheit! Me hadde ein hyggjeleg siste kveld paa hotellet (me har no to netter i suite paa femstjernershotellet Quai West - eit greitt avbrekk fraa 4 1/2 veke med hostels), og Andrea (TM sin tremenning, som me besokte laurdag) var med og tok eit glas vin eller fem.


I dag blir det ein roleg dag paa Quai West. Veldig fint bassengomraade, saa det er nok der me blir aa finne. 30 grader og skyfritt, om nokon lurer...

Ingen kommentarer: