Daa var gutteklubben grei (aka. the tremendous three) vel paa plass paa Bali :-D
Me kom hit onsdag kveld (3. des), og tok taxi til hotel Ananda i Seminiak, same plass som Erling budde daa han tok exphil her for tre aar sidan. Kva er det forste som skjer naar me kjem i hotellresepsjonen? Jau, resepsjonisten utbryt: "Ellinge...! You comme backe!"
Faktisk viste det seg at saa og seie alle som jobba paa hotellet kjende Erling, og hugsa namnet hans. Imponerande! (nokon har tydelegvis gjort eit usletteleg inntrykk ;) )
I gaar, torsdag, var me i Kuta og saag oss omkring, var hjaa skreddar og tok maal til dress(-ar), og tilbragte ettermiddagen ved bassenget paa Ananda. Erling og TM var ein tur paa byn saman med nokre andre nordmenn me traff. Bra kveld.
I dag har me gjort svaert lite anna enn aa ligge paa stranda. Deileg aa slove i parasollskuggen med ei bok... i timasvis... Erling leigde seg surfebrett og testa ut bolgene og...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar